mandag 11. februar 2013

Om klasse, kunnskap og kamp

Eit blogginnlegg har i dei siste dagane rast ulike sosiale media som ein annan farsott. Det dreier seg om innlegget til MadDam, om den sokalla klassereisen hennar. Ikkje eit dumt innlegg, men spørsmålet må vere korleis omgrepet klasse vert nytta i dette innlegget, og om det er eit høveleg vis å nytte omgrepet på. MadDam snakkar soleis om arbeidarklassen og mellomklassen, som er vegen ho gjekk og no tek opp på ny. Problemet må vere det grunnlaget ho legg fram klasseinndelinga si på - kva som vert dei avgjerande skilnadene mellom dei ulike klassane. 

MadDam ser ut til å definere arbeidarklassen på grunnlag av mangel på kunnskap og opplysing. Hennar barndomsheim - som då er ein lågtløna og uutdanna arbeidarheim på austlandet - såg aldri ei avis og aldri ei bok, aldri nyhende på TV, men fekk dagane i driv med dårlege amerikanske filmar, vekeblad og sokalla harryturar over grensa. Klassereisen hennar tok til den dagen ho opna ei bok. Mellomklassen vert altso definert ut frå hyllemeter bøker i heimen og i kva grad ein er oppteke av politikk og kunnskapspel i kvardagen.

Hovudinnvendinga vår i so høve er klassisk: MadDam kan seiast å vende Marx' dialektikk på hovudet att, etter at Marx sjølv, som kjend, vendte Hegel på føta. Med eitt er det ikkje lengjer tinga som skipar tanken, men tanken som skipar tinga. Rett nok vert det nemnd noko om inntekt, men dette vetle forsvinn under remsa av tung og lett lektyre. Klasse vert dimed ikkje lengjer eit økonomisk og eigedomsmessig grunnlagsproblem, men eit spørsmål om ideologisk og kulturell overbygnad. Vi er ikkje dogmatiske økonomistar som meiner grunnlag er alt og overbygg ingenting. Som Lenin seier, var det just mangfaldet av grunnleggjande og overbyggjande føresetnader som gjorde revolusjonen i Russland mogleg. Men det er altso grunn til å vilje setje saka rett frå fyrstninga av.

Ein må vere kritisk til å late eigedomstilhøva utanfor klasseproblematikken og fatte honom som fyrst og fremst eit ideologisk spørsmål, av di ein dimed står i fare for å gjere seg ute av stand til å takle problematikken i det heile. Ei slik framstilling gløymer det som til kvar tid må vere grunnlaget for kvart eit kommunistisk opprop, nemleg kravet om felles eige av produksjonsmidla (all makt til sovjetane!). Det er gjengs, og forståeleg, at fattigdom, sjukdom, svolt og ulukke vert ein drivkraft for kravet om endring, både frå dei som lir og dei som lir med desse, men det er ikkje fyrst og fremst eit trygt og godt liv, materielt sett, som er eller har vore målet for vår kamp. Grunnstammen må alltid vere felles eige av produksjonsmidla, som eit mål i seg sjølv, medan trygginga av liv og lagnad vil følgje derfrå. Annleis sagt må grunnstammen, den fyrste og grunnleggjande grunnsetninga, alltid vere opphevinga av motsetnaden som i dag, som for 200 år sidan, rår i verda - nemleg motsetnaden mellom arbeid og kapital

Bruken av omgrepa "klassereise" og "mellomklasse" viser oss eit avgjerande tildriv for vår tid, der den grunnleggjande motsetnaden mellom arbeid og kapital vert underkjent, gløymd eller forkasta. Dimed svinn òg følgdene av honom - nemleg klassekampen og førestillinga om proletariatet som den progressive klasse - bort i jakta etter eit banalt underhald og materielle gode.

Omgrepet "mellomklasse" er i verste fall ubrukeleg, i beste fall særs unøyaktig, då det i seg sjølv seier ingenting om klasse, om eigedomstilhøva. Då det vel helst vil vise til dei lønsmessige mellomshavsfararane, kan det like godt famne om lønsaristokraten som småborgaren og brorparten av bondestanden - omgrep ein heller burde gjere seg nytte av, sidan dei alt finst og er betre rusta til å gripe detaljane i stoda. Proletariatet får ikkje si tyding frå storleiken på lønsslipp eller husvere, ei heller frå mengda av bøker eller tidsskrift, men frå si stilling i dei grunnleggjande eigedomstilhøva. Proletariatet eig ikkje produksjonsmidla, men er avhengig av å selje arbeidskrafta si og legg soleis grunnlaget for kapitalen og borgarskapets utvikling, gjennom skapinga av merverdi, som Marx fortel oss i Kapitalen. Lønsaristokraten er proletaren som tener nok og godt. Problemet er at han oftast finn alt dette godt nok, og at han av den grunn kastar klassekampen på båten. Å kalle ei slik utvikling for "klassereise" vil vere å fordreie sanninga, for ho dreier seg enkelt nok om proletaren som finn seg i og tek til takke med kapitalismen og borgarskapets økonomiske og ideologiske føresetnader. Eit betre ord vil difor vere klassesvik. Følgjer ein MadDams framstilling til hennar ytste følgd, vert vår kritikks naudsyn og rettvise klarare: det er då ikkje lengjer naudsynt å overvinne kapitalen; det held å lese Kapitalen. Sjølvsagt vil sistnemnde handling vere eit vektig steg på vegen, men det er på inkje vis tilstrekkjeleg. Ikkje i det heile.

Målet for vår kamp kan aldri vere betre føresetnader for å take del i det borgarlege samfunnet, å sjølv få ein del av privateigedomens kake, men alltid og utelukkande opphevinga av desse. Proletariatets leiande rolle i verda dreidde seg aldri om å gjere industriarbeidarar av oss alle, men å gjere eigedomsløysa vår allmenn.

- propagiteurs